Lov om grannegjerde
Vanleg gjerdehald utanfor offentleg veg og jernbane er regulert av lov om grannegjerde. Private avtalar går føre lova dersom avtalane ikkje er i strid med lova. Det er alltid høve til å inngå nye avtalar. To naboar har full rett til å inngå avtale om fjerning av gjerde mellom sine eigedomar dersom gjerdet ikkje støyter mot ein tredje nabo som ynskjer å behalda avtalen om gjerdeplikt.
Ein kjem ikkje unna gjerdeplikta sjølv om ein sluttar med dyr og/eller leiger bort jorda. Gjerdeplikta kviler på grunneigaren som eig eigedomen. Den som ynskjer fordelen ved å eiga ein eigedom, må tåla dei byrdene eigarskapet fører med seg.
Farlege gjerde og bygg
Når grannegjerde ikkje blir haldne vedlike, skal farleg gjerde fjernast. Det same gjeld farlege bygningar. Der gjerdehaldaren eller den som eig bygningar ikkje ser seg i stand til å halda gjerdet eller bygningen vedlike eller fjerna det sjølv, må han leiga folk til å gjera arbeidet. Sjølv om arbeidet er sett bort, fritek det ikkje eigaren frå vedlikehaldsansvaret. Eigaren er ansvarleg for at arbeidet blir gjort.
Mattilsynet kan gjera vedtak om fjerning eller istandsetjing av gjerde og/eller bygningar som er til fare for beitande bufe når gjerdehaldar ikkje viser vilje til å etterkoma kravet han har på seg til å rydda opp etter pålegg, jf. § 15 i dyrevelferdslova der det står:
«Bygninger, gjerder og andre mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes vedlike slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel. Den som er ansvarlig for bygningen, gjerdet og innretningen skal føre nødvendig tilsyn med disse og gjennonføre nødvendige tiltak for å kunne oppdage, forebygge og avhjelpe fare for unødige påkjenningen og belastninger».
Mattilsynet kan òg bruka «opptrappande» verkemidlar t.d. tvangsmulkt. Det kviler erstatningsansvar for skadar som oppstår som fylgje av manglande vedlikehald av bygningar og gjerde.
Elektrisk gjerde
I seinare år er det i einskilde område brukt straumgjerde (både rutegjerde og trådgjerde) i hytteområde og på landbrukseigedomar. Desse kan vera portensielle dødsfeller for beitande husdyr og vilt. Slike gjerde må berre brukast med tilkobla pulserande straum og under dagleg tilsyn. Straumgjerde utan tilkobla straum og utan dagleg tilsyn «utset dyr for fare og unødig påkjenning og belastning». Gjerdetypen er ikkje eigna til bruk i/mot utmark, der ein berre bør bruka gjerde av tre eller stålnetting.
Vang kommune, Vang Bondelag, Vang Bonde- og småbrukarlag, beitelaga og Mattilsynet ber grunneigarane i Vang om å sjå over gjerda sine og eventuelle farlege bygningar før beitesesongen tek til.
Melding om farlege gjerde eller bygg
Den som kjem over farlege gjerde eller bygg kan melda frå til landbrukskontoret som så kan gå inn på gardskartet og finna ut kven som er grunneigar og melda frå til vedkomande.
Når kommunen får melding om farlege bygningar og/eller gjerde, er det vanleg å melde frå skriftleg til den grunneigaren der bygningane og/eller gjerdet er og gje ein frist på 14 dagar med å ordna opp. Dersom det ikkje er gjort noko innan fristen, vert saka oversendt til Mattilsynet som har fullmakt til å påleggja grunneigarane å halda bygningar, gjerde og andre innretningar vedlike eller riva dei for å unngå skade på folk, beitedyr og andre dyr.
Vang bondelag Vang Bonde- og småbrukarlag Landbrukskontoret i Vang
Vang beitelag Austvang beitelag Høre sankelag Øye sankelag
Vang Miljøforum Mattilsynet