Vang kulturskule

Vil du søke til vår kulturskule, sjå søknadsboks/undermeny over. Den midtre boksen over viser vårt fagtilbod/kulturskulefolder med søknadsfrist. Den siste boksen viser reglement for elevane.

Vang kulturskule starta i 1986 som musikkskule med Gunnar Baden som rektor. Etter som åra gjekk vart musikkskulen sitt tilbod utvida med dans, teater, biletkunst og ymse formar for handverk, og namnet vart endra til Vang kulturskule.

I 2017 så flytta Vang kulturskule inn i nye flotte lokale på VBU. Lokala er i sambruk med grunnskulen, og er plassert ved Vangshallen.

Kulturskulen ønskjer å vera eit senter for kulturtilbod for bebuarane i Vang kommune.
Inna musikk ønskjer kulturskulen å ta vare på dei historiske tilknytingar me har i forhold til folkemusikk, samtidig som ein og tek vare på det klassiske og rytmiske uttrykket i musikken. Skulen ønskjer og å serve  tilbod  som showdance, teater, teikning og foto.
Skulen har som mål å forsyne dirigenttenester til kor og korps i kommunen.

Skulen er fyrst og fremst eit tilbod til barn og unge i skulealder, men vaksne kan og få plass. Fulltidsplass for enkeltelevar er 20. minutt kvar veke, medan gruppeundervisning kan variere frå 35 minutt til 90 minutt. Ein kan søke om å få utvida enkeltundervisning.

Undervisninga er på Vang barne- og ungdomsskule i nye inspirerande lokaler.

 

 

Kontaktinfo

Victoria Ose (i permisjon)
Rektor
E-post
Telefon 48 24 13 71

Adresse

Vang kommune

Tyinvegen 4850
2975 Vang i Valdres