Næringsfond

Frå januar 2016 er eit næringsfond på ein million årleg verksamt for bedrifter i Vang. Har bedrifta di planer som går ut over drift og vedlikehald er det mest truleg lurt å stile ein søknad til fondet. Ein kan søkje fortløpande, og formannskapet i Vang tek stilling til søknaden.

Eit viktig moment er at søknaden skal drøftast med næringsutviklar i Innovangsjon før han vert sendt til formannskapet, samt at ein lyt søkje før ein set i gang prosjektet.

Med andre ord - ta kontakt med Dag Inge og kom i gang med søknaden.

Kontaktinfo

Dag Inge Bruflot
Næringsutviklar
E-post
Mobil 95 87 37 57