Skip Navigation LinksVang > Stillingar
Stillingar

Ledige stillingar

Vang kommune har lagt til rette for elektronisk søknad på stilling. Inne i artikkelen finn du lenkje til vårt elektroniske søknadsskjema og oversikt over dei stillingane som til ei kvar tid er ledige. Vi ynskjer søknad med cv via vårt digitale søknadssenter. For å nytte deg av dette tilbudet trykkjer du på lenkja; "elektronisk søknad". Du kjem da inn i vårt søknadssenter der du må oppgi e-postadressa di. Deretter registrerer du deg som ny brukar og får straks passord sendt til e-postadressa di. Du må og oppgi arkivsaksnummer som står i utlysinga for den stillinga du søkjer. Håper instruksjonane du får undervegs gjer det greit å søkje elektronisk.

Det er og høve til å sende søknad i posten til:
Vang kommune
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres

Vang kommune søkjar etter vaktmester i inntil 100 % fast stilling frå juni 2017. Det kan vere moglegheit for deltidsstilling om ynskelig.

Arbeidsoppgåver:

  • Drift og vedlikehald av kommunale bygg
  • Ved organisatorisk endring av vaktmestertenesta kan arbeidsoppgåver bli endra.

Me har behov for sjuke – og vernepleiarar, helsefagarbeidarar, heimehjelpar og assistentar, innan Miljøtenesta, Vangsheimen og Heimetenesta for sommaren 2017.

Me treng også nokre sommarvikarar på Vangsheimen til kjøkken, og til reinhald.

 

Meir info (1)
For tilsette (1)
Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune