Skip Navigation LinksVang > Off.ettersyn

Områdeplan Vang sentrum - framtidas Vang sentrum

Flekuturelt.JPG - Klikk for stort bilete Vang kommune varslar med dette om oppstart av planarbeid i Vang sentrum. Formålet med planarbeidet er å leggje til rette for vidare utvikling av Vang sentrum.

Publisert av Håkon Berg Sundet. Sist endra 14.03.2017

Det er konsulentfirmaet Asplan Viak gjennomfører planlegginga på vegne av kommunen. 

Visjonen frå kommuneplanen sin arealdel seier at:

Vang kommune skal vera ein god kommune å bu og vekse opp i, med gode tenestetilbod og aktive lokalsamfunn der kultur, nærleik, tradisjonar, mangfold og samarbeid står i fokus. Innbyggjarar og tilreisande skal oppleve trivsel og ei kjensle av å høyre til. Vi skal vera aktive i høve til endringar i samfunnet, ta grep om eiga utvikling og har tru på framtida.

Dette legg viktige føringar for områdereguleringa av Vang sentrum.

Gjennom områdereguleringa vil vi sjå korleis Vang kan utviklast med et definert sentrum tilrettelagt for eit variert teneste-, kultur- og bustadtilbud.

Planen har om anna som mål:

  • å sikre utviklinga av sentrum i Vang i tråd med retningslinene frå Oppland fylkeskommune sin regionale plan for attraktive byer og tettsteder
  • å leggje til rette for attraktive bustadsområder og variasjon i bustadstyper i tilknytning til sentrum
  • å oppheve planen for E16 på fylling i Vangsmjøse og integrere trasé for E16 i ny plan
  • å legge til rette for strandsti langs Vangsmjøse innanfor planområdet

Planen krev planprogram og konsekvensutgreiing, jf. plan- og bygningslova §§ 4-2 og 4-1. Forslag til planprogram ligg i høgremargen og ligg no ute på høyring. Frist for å kome med merknader er satt til 28. april 2017. Merknadane skal sendast til Vang kommune, pr. e-post til post@vang.kommune.no eller i brev til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres.

Når sjølve planen blir lagt ut på høyring (etter sumarferien) vil ein kome meir konkret med kva for tankar ein har for korleis kommunen ynskjer å leggje til rette for framtidas Vang.

Filgalleri (1)
Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune