For å ta tak i denne problemstillinga kalla Vang kommune som planmyndigheit inn til møte 19.02.2007. Ønsket frå kommunen var her å få eit samla innspel frå aktørane i området i form av ein temaplan for alpinutvikling og skiløyper. (Møteinnkalling og referat kan de lese under linken ”møtereferat”.
Næringsaktørar, herunder grunneigarane, har no teke denne ballen og er i ferd med å starte eit omfattande planleggingsarbeid som kan munne ut i eit innspel til kommunedelplan for Tyinkrysset.
Sjølv om det ikkje er sagt formelt at det er ein masterplan for Tyin- Filefjellområdet som skal utarbeidast, har den nedsette styringruppa for dett arbeidet av fleire vore omtala som ”masterplangruppa”.
Denne gruppa har førebels slik samansetnad:
Dag Henaug (DH) Tørrisheisen AS
Ivar Thune Hagerup Tyin Panorama AS
Ola K Strand (OKS) Filefjell reiseliv
Steinar Grøv (SG) Div grunneiere
Ulf Schjerpen (US) Jotunheimen Eiendom AS
Morten Odden (MO) Jotunheimen Eiendom AS
Torger Juel Fosse (TJF) Tyin Filefjell Utvikling AS
Karsten Hjertholm (KH) Tyin Utvikling AS, leiar av gruppa.
I tillegg vil Vang kommune v/teknisk sjef, Terje Hålien møte. Han vil ha tale- og forslagsrett i gruppa.
Gruppa ønsker at så mange interesser/interessenter som mulig er representert for å få best mulige innspel, og at det kan bli tillit til arbeidet som blir utført.
Det er foreslått å dele arbeidet inn i følgjande faser:
1 Forstudie (prosess fram til ca 01.12.07)
2 Deloppdrag for dei ulike delområda.
3 Sammenfatning og uoffisiell høringsrunde
4 Bearbeiding av tilbakespill etter høyringsrunde og utarbeiding av endeleg forslag til innspel til kommunedelplan for Tyinkrysset.
Innhaldet i planleggingsarbeidet er førebels uttrykt slik:
”Partene ønsker at Tyin/Filefjell-området skal utvikles til en ledende helårs fritidsdestinasjon i sør Norge. Sentralt i dette arbeidet står videreutvikling av skiheiser og tilhørende anlegg og virksomheter, samt å stimulere til øvrige næringsaktiviteter, så som fremtidig sentrumsbebyggelse, aktivitet- og servicetilbud, boliger m.m. Planarbeidet skal baseres på et langsiktig perspektiv med vekt på gode alpinlegg og et attraktivt sentrumsområde med god logistikk og atmosfære. Videre skal det baseres på gode økonomisk løsninger både i utbygnings- og driftsfasen, samt sørge for bærekraftig utvikling og økt sysselsetning med varige arbeidsplasser i kommunen.”
Det vil bli engasjert eksterne konsulentar til å utføre arbeidet.
Arbeidsgruppa tek sikte på å halde alle interessentar løpande oppdatert om arbeidet via heimesida til Vang kommune.