Ord for dagen

Glede i hjertet gjør ansiktet vennlig.
-Ukjend

Dagens ord

Galleri


   

Kommunelege II/Fastlege (arkivsak nr. 12/254

Ledig stilling
Ledig stilling

Vang kommune har ledig 80-100% legestilling ved Vang legekontor frå 15.08.12. Kommunen ligg øvst i Valdres, i svært naturskjønne omgjevnader og med rike moglegheiter for friluftsliv vinter som sommar. Sjå gjerne bilde på www.vang.kommune.no, fakta om kommunen, bildegalleri. Kommunen har omfattande kulturliv, delvis desentralisert skulestruktur og full barnehagedekning. Her i Vang kan du leve eit godt liv!

Første gong publisert 31.05.2012

Kommunen har om lag 1600 innbyggjarar + asylmottak på inntil 150 plassar. Det er 2,8 stillingar/heimlar for fastlege. To av stillingane er besett og den tredje er for tida betjent av turnuslege.

Legekontoret har moderne og velutstyrte lokale i Vang sentrum, med erfarne og stabile medarbeidarar. Kontoret har fellesliste med for tida 1510 pasientar, men potensiale for noko auke. Stillinga har delansvar for helsestasjon og skulehelseteneste og betjener sjukeheimen med for tida ca 10% stilling, planlagt auka til ca 15%. All helseteneste utanom pleie og omsorg er lokalisert i same bygning med gode samarbeidstilhøve.

18-delt vakt på natt- og helgetid i samarbeid med dei andre kommunane i Valdres, lokalisert på Fagernes. For tida 5-delt heimevakt kl 15-22 måndag - torsdag i samarbeid med Vestre Slidre kommune, men frå 01.01.13 18-delt vakt i vaktsentral på Fagernes for all vaktteneste.

Søkjarar må beherske norsk/skandinavisk språk, både skriftleg og muntleg. Fagleg interesse, sjølvstende og evne til samarbeid er viktig.

Gode lønstilhøve med fast løn pluss bonus av pasientinntektene. Privat praksis kan diskuterast. Kommunen hjelper til med å skaffe bustad. Tilsetjing på ordinære vilkår som gjeld til ei kvar tid i kommunal sektor.

Nærare opplysningar hjå kommuneoverlege Sidsel Offergaard Jevne på telefon 61369503/97177914 eller personalkonsulent Randi Elstad på telefon 61369418.

Søknad på legeforeningen sitt søknadsskjema med attestert dokumentasjon og referansar og merka arkivsak nr. 12/254 blir å senda til Vang kommune, rådmannskontoret, 2975 Vang i Valdres innan 14. juni 2012.

   

Skriftstorleik

a - a - a

Søk

Brann og Beredskap

Sjølvbetening

Snarvegar

  • Søk SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Lokalt

Linkar

Andre Valdreskommunar

Kontaktinformasjon

Vang kommune Kommunehuset Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
E-post : post@vang.kommune.no
Telefon
: 61 36 94 00

Faks
: 61 36 94 01
Org.nr.
: 961 382 246
Opningstid
: 8:30 - 15:30
Rådmann Reidar Thune      Ordførar Vidar Eltun