Adresseringa er gjennomført for å få betre sikkerheit ved utrykking av nødetatane, for betre og sikrare postadresser, og for at alle andre skal finne lettare fram.
Vegnamnskilt vil kommunen setje opp i løpet av inneverande og neste år. Husnummerskilt må eigaren sjølv skaffe og setja opp. Desse kan kjøpast/bestillast i byggjevareforretningar, jernvareforretningar o.a. Det er svært viktig for at det skal vere raskt og lett å finne fram for mellom anna sjukebil at desse skilta er tydelege. Skiltet bør difor setjast opp på huset/hytta slik at det er lett synleg frå vegen. Der huset ikkje er synleg frå vegen kan ein også setja opp eit skilt ved innkøyringa, t.d. på søppelskur eller portstolpe. Dei som av ulike årsaker treng hjelp for å få sett opp skilt, kan melde frå til kommunen
På webkartet www.valdreskart.no kan de sjekke om husnummeret er tildelt rett bygg o.a. Vel ”Vang kommune” og søk på den adressa som er tildelt (om de ikkje får kartet til å vise vegadresser og andre søk er det truleg naudsynt å laste ned ein ”PlugIn” på PC’n dykkar først).
Vi set pris på å bli varsla om feil og manglar til: Vang kommune, Tyinvegen 5161 (eller post@vang.kommune.no )
Viktig melding til personar som eig fleire bustadhus/leilegheiter:
Kopling mellom husnummer og person går til vanleg automatisk, men dersom de ser at de framover får post til eit anna husnummer/ei anna adresse enn der de faktisk bur, så må de sjølve melde til Folkeregisteret kva for personar som bur i dei ulike husa, (for eksempel på eit gardstun) eller i dei ulike leilegheitene i eit hus.
Rett stad å vende seg til er www.skatteetaten.no ( telefonnummer 800 80 000). Her kan ein melde flytting (gjeld også om det ikkje er reell flytting, men berre at det ikkje har vorte rett kopling mellom husnummer og personar etter adressetildelinga).
Også personar som har flytta internt i kommunen men, ikkje meldt flytting til Folkeregisteret, må sjølve sørgje for at dette vert retta i Folkeregisteret.
Ta kontakt med Vang kommune (post@vang.kommune.no) tlf.: 61 36 94 00 dersom det ikkje går greitt å få meldt ”flytting” via www.skatteetaten.no