Ord for dagen
 
  Det sies at man skal være godt inne i skattelovene for å finne ut av dem..
  -Ukjend

Leiar for Lund Arbeidsbase (arkivsak nr. 09/371)

Ledig stilling

Vang kommune søkjer etter 100% stilling som leiar for Lund Arbeidsbase.
Arbeidsbasen gir tilbod på dagtid til personar som treng tilrettelagt arbeid og arbeidstrening. Lund arbeidsbase driv også tiltaket VTA på vegne av Valdres Arbeidssenter as.

Vi søkjer ein medarbeidar som har gode samarbeidsevne, er kreativ og har evne og vilje til å motivera brukarar og tilsette.

Kvalifikasjonskrav:

•-         Relevant helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning, evt.   spesialpedagog
•-         Relevant erfaring/praksis frå aktivitets- og arbeidssenter for  personar med ulike behov: psykiatri, funksjonshemma,  arbeidstrening
•-         Erfaring med personalleiing, budsjett, rekneskap og sal av varer og tenester

Nærare opplysning om stillinga får de ved å ringa leiar IHT, Guro R. Kvam, på telefon 61368573 eller nestleiar IHT, Elisabeth Hålien, på telefon 61368574.

Tilsetjing skjer på vilkår som gjeld til ei kva tid i kommunal sektor. Vi kan tilby løn etter avtale og god forsikrings- og pensjonsordning. Kommunen hjelpar til med å skaffe bustad.
Ved tilsetting er det krav om politiattest. Vi tek atterhald om moglege organisasjonsmessige endringar.

Søknad med CV/attestar merka "arkivsak nr. 09/371" kan sendast elektronisk til heimesida vår www.vang.kommune.no eller i vanleg post til Vang kommune, rådmannskontoret, 2975 Vang i Valdres innan 18. august 2010.

Publisert av Hanne Karlsen. Sist endra 08.07.2010
Skriftstorleik
a - a - a
Søk
Brann og Beredskap
Sjølvbetening
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Lokalt
Linkar
Andre Valdreskommunar
Kontaktinformasjon
Vang kommune
2975  Vang i Valdres
 
E-post : post@vang.kommune.no
 
 
Telefon : 61 36 85 00
Faks : 61 36 85 01
Org.nr. : 961 382 246
Kommunenr. : 0545
Levert av ACOS AS
Rådmann Reidar Thune      Ordførar Knut Haalien