Ord for dagen

Fordommer fordummer.
-Ukjend

Dagens ord

Galleri


   

Åsvang naturbarnehage barnehage

Fotograf: Karin T. Hagen
Åsvang naturbarnehage fotograf Karin T. Hagen

Åsvang naturbarnehage har 16 barn, delt på to avdelingar. Størstegruppa består av 9 barn i alderen 4- 5 år, dei har tilhald i barnehage - avdelinga. Minstegruppa held til i lokale i samfunnsavdeling, med 6 barn, 1- 3 år. Barnehagen ligg i same bygg som skulen og samfunnhuset på Åsvang. Dette året er det fem tilsette, to utdanna førskulelærarar og tre fagarbeidere.


Ungane er sunne og friske med godt pågangsmot, noko me meiner har si årsak i trivsel i eit godt oppvekstmiljø.
Åsvang barnehage ligg i eit praktfullt naturområde der vi er omgjeve av skog, turløyper og lysløype med lett adkomst til naturopplevingar av god kvalitet.

I 2007 vart vår barnehage godkjent som naturbarnehage.

Kriterier for Naturbarnehagen er å vera ute 5 timar kvar dag med to utedagar i veka. I tillegg er det kriterie om tilhald i lavvoen periodar på dagen i vinterhalvåret, spesielt med tanke på dei minste. Lavvoen har no vore i bruk i snart to år. Den har ført til eit meir aktivt uteliv enn vanleg om vinteren.
Barnehagen er ute det meste av tida både vår og haust.
Torsdag er fast utedag for alle heile året. Måndagar blir vår andre utedag for
4- 5 åringane.
To utedagar i veka  bidreg til å femja ei god helse. Med turar og leik i skog og mark , blir barna robuste, dei lærer seg å tåle meir ved å vera mykje ute og herde seg i alt slag ver.

Siste åra har vi knytta meir av rammeplanens innhald til prosjekt ute i naturen. Vi har gjennomført tema om dyr og planteliv, brukt planter og nyttevekster i ulike matrettar som er tilberedt ute, m.a, brenneslesuppe og karvekålsuppe. I år vektlegg vi i tillegg, planter og vekster i kreativ forming med blant anna aktvivitetar som plantefarging av stoff og garn.

Tidlegare har vi lagt turar til kulturminne i område og hatt stor nytte av desse opplegga når det gjeld å få kjennskap til lokalhistorie, identitet og tilknytning til lokalmiljøet.

Det er nær samanheng mellom fysisk aktivitet og helse. Med lavo får vi høve til å vera meir ute heile året.
Vårt aktive uteliv skapar sunne, friske og glade barn.
Vi nyttar mange av turløypene i nærområde.
Heile vinteren er me aktive på ski rundt lysløypa og mot Haukåsen.                                                    

Venleg helsing frå Åsvang barnehage v/ ped. leiar - Karin Trøen Hagen

Sist endra 20.08.2012
   

Skriftstorleik

a - a - a

Søk

Brann og Beredskap

Sjølvbetening

Snarvegar

  • Søk SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Lokalt

Linkar

Andre Valdreskommunar

Kontaktinformasjon

Vang kommune Kommunehuset Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
E-post : post@vang.kommune.no
Telefon
: 61 36 94 00

Faks
: 61 36 94 01
Org.nr.
: 961 382 246
Opningstid
: 8:30 - 15:30
Rådmann Reidar Thune      Ordførar Vidar Eltun