Nokre av dei moglegheitene som er i kartsystemet:
- Ein kan få opp kart over sin eigedom
- I dei fleste områda av kommunen finnest det flybilder som ein kan ta opp som eit lag og sjå på
- Ein kan søke på stadnamn og adresser
- Har ein tenkt å bygge, kan tenesta brukast til å ta ut situasjonskart over det aktuelle området
- I søkemoglegheitene ligg det inne en del interessepunkt. Her kan ein på ein enkel måte finne for eksempel kor legekontor, helsestasjon, skole og barnehage ligg i kommunen
- Dersom ein er interessert i informasjon i ei av nabokommunane, kan ein enkelt gå til nabokommunen si heimeside eller velge den aktuelle kommunen når du er inne på kartsida
- Kart i 3D
Kartsal
Ved å gå inn på lenka under, kjem du inn på kommunen sin nettbutikk, der vi legg ut varer og tenester innan området eigedomsinformasjon, kart- og plandata.
For å lesa meir om produkta kan du klikke på varenummeret for det enkelte produkt.
Denne tenesta skal nyttast dersom eigedomsopplysningar eller kart skal sendast som elektronisk dokument. Tenesta er åpen for alle og er tilrettelagt for betaling ved hjelp av kredittkort.
Spørsmål om produkta kan rettast til kommunen:
Plan/ bygg og oppmåling v/ Kari Birgit Lien
61 36 84 13 /mob. 489 91849
e-post kari-birgit.lien@vang.kommune.no
Tenesta er levert av Norsk Eiendomsinformasjon AS.
Her finn du tenesta Kartsalg
Brukarveiledning for kartsalg på infoland