Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Varsel om planarbeid - Øyebakkin

Øye Stavkyrkje - Klikk for stort bilete Vang kommune varslar om oppstart av planarbeid. Det skal bli laga ei detaljregulering for kyrkjene i Øye. Merknadar til varselet kan du sende til kommunen innan 10. februar 2017. 

Publisert av Håkon Berg Sundet. Sist endra 15.12.2016

Formålet med planarbeidet er i fyrste rekke leggje til rette for utviding av kyrkjegarden ved Øye kyrkje. Det skal òg etablerast ein ny veg til kyrkja, samt parkeringsplass med gode gangvegar til båe kyrkjene. Vidare skal planarbeidet avklare plassering av nytt servicebygg for stavkyrkja. 

Planen har vore i prosess i mange år. Den har ikkje vorte arbeida med sidan 2014 (var sist ute på høyring og offentleg ettersyn i 2010). Ei avklaring av E16 er no gjort, og den vil bli lagt utanom Øye når tunnelen er ferdig i 2018.

Kommunen vil ta utgangspunkt i dei prosessar og avklaringar som har skjedd opp igjennom. Sjå oppstartsbrev og kartfil i margen. Plankartet der vil tene som utgangspunkt for administrasjonen sitt vidare arbeid mot høyringsdokumenta av planen.

Filgalleri (1)
Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune