Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Utviklinga på Filefjell kan halde fram.

Fjellbekk i kveldslys. - Klikk for stort bilete

Vang kommunestyre handsama i går tre saker som angjekk Tyinkrysset/Filefjell området. Vang kommunestyre vedtok samrøystes at kommunen skal forskottere nytt vassverk med bygging av hovudleidningar til utbyggingsområda i kommunedelplanen og høgdebasseng ved Grøvstølen.

 

 

Ein føresetnad  er  at kostnaden ved utbygginga skal delast mellom utbyggjarar og Vang kommune, og at dette skal nedfellast i utbyggingsavtaler. Ein føreset også frå kommunen si side at det vert sett av midlar til refinansiering som skal gå til tiltak som vil heve attraktiviteten i området. Kommunen kan styre utviklinga gjennom rekkefølgebestemmelsar.

Vedtaket vart ei samordning av rådmannen sitt forslag og forslag frå Tom Kjetil Tørstad (SP). Dette vedtaket betyr at kommunen no kan halde oppe trykket med å få bygd vassverk.

Mykje av forarbeidet er gjort og ein vil no gå i gang med anbodsdokument og ein tek sikte på oppstart av vassverket i 2018.. Vedtaket betyr også at no kan utbyggjarar planlegge vidare utbygging på sine alt godkjente og regulerte felt, ein vil kunne få godkjent påbygg til hytter, men ein vil altså ikkje kunne kople på nye hytter/leilegheiter før vassverket er ferdigstilt.

Reinseanlegget som kommunen har fullfinansiert stod ferdig no i vinter. Det er teken i bruk og fleire vil bli kopla til etter kvart

Ordførar Vidar Eltun seier i ein kommentar at denne avklaringa er svært gledeleg for kommunen, for næringsdrivande og for utbyggjarar og grunneigarar. No er løpet lagt og det er no opp til partane å få dette i hamn på ein god måte.

 

Destinasjonen Tyin-Filefjell vil få ny vekst, og gjennom kommunedelplanen, som no også får ny fart gjennom vedtaket av planprogrammet, vil det bli lagt inn utbyggingsområde i arealdelen som gjer at Tyin-Filefjell på ny kan ta opp kampen med andre destinasjonar. Mykje hardt arbeid står att, seier Eltun, men no har ein iallfall ein klar plan å gå etter.  

Sjølve vedtaket i sak 20/17:

 

  1. Vang kommune forskutterer utbygging av nye Tyinkrysset vassverk.

 

 

  1. Byggeløyve/ byggesøknader kan innvilges parallelt med bygging av nye Tyinkrysset vassverk. Dette med forbehold om at påkobling tillates først når vasskapasiteten er sikra, jf. § 27-1 i plan og bygningslova.   Med løyver er meint:
    • Søknad om tilkopling av nye og/eller eksisterande einingar til Børrelie vassverk.
    • Søknad om løyve til å føre opp eller ta i bruk bygning for opphald for menneske eller dyr. Søknad om oppretting eller endring av eigedom for slik bruk.
    • Unntak
      • Mindre justeringar av eksisterande tomter kan gjennomførast.
      • Tomter i godkjent reguleringsplan kan delast i frå under føresetnad om tinglyst byggeforbod inntil godkjent vassforsyning er sikra.

Alle som etter konsesjonslova har krav om bygging innan 5 år, får utsett frist til vasskapasitet er sikra, gjeld i området Tyinkrysset – Filefjell. 

 

  1. Forutsetningen for punkt 1 og 2 er at det etableres utbyggingsavtaler. Utbyggingsavtaler skal inneholde tema om medfinansiering av va- anlegg. Det skal jobbes for at disse er av «markedssunn» art.
  2. Vang kommunestyre ber administrasjonen om å ferdigstille prosjektering og anbudsdokumenter for ny vassforsyning så raskt som mulig.

 

 

 

Mvh

Vidar Eltun 

Ordførar i Vang kommune

Tlf: 61369405 – 91723502

E-post: vidar.eltun@vang.kommune.no

      

Publisert av Line Margrethe Svien. Sist endra 18.04.2017
Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune