Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

To nye detaljreguleringar og vedteke planprogram

Kommunevåpen i fargar - Klikk for stort bilete I sitt møte den 22. juni 2017 vedtok kommunestyret detaljreguleringa for Utgard næringsområde og detaljreguleringa for Reikesteinsøddin. Planprogrammet for områdeplanen for Vang sentrum vart også vedteke.

Publisert av Håkon Berg Sundet. Sist endra 10.07.2017

Detaljreguleringa for Utgard næringsområde legg til rette for industri knytta til plastgjenvinning.

Detaljreguleringa for Reikesteinsøddin er ei fortetting av tidlegare plan for fritidsbustader.

Planprogrammet for Vang sentrum synleggjer kva for tema som skal vere gjenstand for drøftingar/utgreiingar i sjølve planomtala som vil bli lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i haust/tidleg vinter.

Detaljreguleringsplanane er enkeltvedtak som kan påklagast, jf. forvaltningslova kapittel 6. Frista for å fremje klagar er sett til 4. august 2017.

Saksframstilling og protokoll, samt plankart og -føresegn for planane finn du i margen til høgre. Her finn du også det vedtekne planprogrammet.  

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune