Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

SP og valdeltakinga er vinnarane ved Stortingsvalet 2017 i Vang

Val - Klikk for stort bilete

Ordføraren gratulerer Senterpartiet med eit svært godt val her i Vang kommune. Med 40,7 prosent av stemmene har dei treft godt blant veljarane på sine hovudsaker.

Men det gleder også ordføraren at valdeltakinga i Vang er så høg. Ein frammøteprosent på 79,3 må seiast å vere svært bra, også ut i frå at me no har gått frå fire stemmelokale til eit. Tusen takk til alle som har stemt. Dei som har lagt til rette for at folk i Vang kan stemme, har gjort dette på ein framifrå måte.

Valresutat for Vang finn du her

Publisert av Hanne Karlsen. Sist endra 12.09.2017

På landsbasis må me gratulere Erna Solberg, Høgre og FrP med fornya tillit frå veljarane. Med KrF i ein ny posisjon og med ynskje om ikkje på støtte FrP i regjering, vil regjeringa kanskje bli noko meir utsett enn dei siste fire åra, men det får framtida vise. Det er ikkje til å legge skjul på at eg i dag er skuffa over at Arbeiderpartiet gjorde eit så dårleg val. Det er ikkje bra nok og eg føler me ute i distrikta blir straffa hardt for at AP sentralt ikkje har vore gode nok til å fram sin politikk. Med SP sitt gode resultat landet over er det no ein tendens til at avstanden mellom land og by dessverre aukar. Felles forståing for utfordringar både i distrikta og i byane må til i tida som kjem. Ei lita trøst på ein regntung dag får vere at AP framleis er det største partiet her i landet og det må arbeidast hardt for å koma tilbake til gamle høgder. Og så har eg sjølvsagt respekt for at mange meiner at AP er store nok som dei erJ

Men det som bekymrar meg mest i dag er at det no ligg an til at det ikkje blir byggjestart på E16 Kvamskleive før tidlegast i 2024. Regjeringa Solberg har i NTP 2018-29 bestemt at det ikkje blir sett av midlar til rassikring i Kvamskleive før i 2024. Eit anna spørsmål er om me no får ein ny debatt om kommunestruktur. Det er varsla at talet på kommunar skal enno meir ned. Det blir også spennande å sjå korleis den nye regjeringa no legg rammene for kommuneøkonomien. Det kan bli tøffare tider framover med minska bruk av oljeformuen og skattekutt til dei som tener mest. Likevel må ordførar og kommunestyret i Vang agere på best mogleg måte ut frå dei rammene me får. Det blir fire spanande år for Vang si befolkning. Me ynskjer oss alle lukke til.

Vidar Eltun- ordførar

 

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune