Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Planprioriteringar 2. halvår 2017

Drøsja - Klikk for stort bilete

Det mange planar med viktig overordna samfunnsutvikling på gong i Vang. I haust vil kommunen prioritere arbeidet med desse planane.

Publisert av Håkon Berg Sundet. Sist endra 17.08.2017

Med vedtaket av planstrategien for 2016-2019 gav kommunestyret administrasjonen prioriteringa av kva for planar som er viktige for Vang i valperioden (sjå dokumentet i margen til høgre). I tråd med dette arbeidast det med ny kommunedelplan for Tyinkrysset, ny områdeplan for Vang sentrum, ny reguleringsplan for Øyebakkin og revisjon av planane for vassverk og reinseanlegget på Tyinkrysset og Trafikktryggleik. Desse planane er viktige for samfunnsutviklinga i Vang; dei legg til rette for framtidig næringsutvikling, busetnad og bustadutvikling.

I tillegg til dei kommunale planane, er det og mange private planinitiativ og -planar i prosess. Forvaltningslova seier at forvaltningsmyndigheiter skal forberede og avgjere sakar utan ugrunna opphald (§ 11 a). Vidare gjer plan- og bygningslova § 12-11 reglar om korleis private planar skal bli behandla av kommunen. Saksbehandlingstida kan bli forlenga om saklege årsakar ligg til grunn.

Kommunen ser det som naudsynt å prioritere planressursane målbevisst. I haust vil derfor kommunen prioritere å berre å arbeide med kommunens eigne planar. Kommunen varslar med dette at private planar vil måtte forvente forlenga saksbehandlingstid. Kommunen vil ikkje gjennomføre nye oppstarstmøte eller behandle private planar, som ikkje allereie er kome til kommunen, før i 2018.

 

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune