Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Om vegen mot ein ny kommunedelplan på Tyinkrysset-Filefjell

Skikøyring frå Skørsnøse - Klikk for stort bilete

Kommunen ynskjer å orientere om prosessen og nokon av dei premissar som ligg til grunn for arbeidet mot ein ny kommunedelplan for Tyinkrysset-Filefjell. Målet vi arbeider for å nå er kontinuitet, utvikling, vekst og inntening for aktørar i Tyinkryssområdet.

 

Publisert av Håkon Berg Sundet. Sist endra 03.02.2017

Bakgrunn

I lengre tid har kommunen arbeidd for å fremje ein ny kommunedelplan for Tyinkrysset-Filefjell. Mange utredningar er laga, og ikkje minst er det utarbeidd ein overordna destinasjonsplan som synleggjer korleis ein – på sikt – kan utvikle både areala og reiselivet i området på ein god måte. Både førige og nåverande kommunestyre har ynskt at denne destinasjonsplanen skal vere utgangspunktet for vidare satsing i området. Satsingsområda i planen er fritidsbustader, næringsutvikling, langrennsløyper, alpinanlegg og anna naudsynt infrastruktur.

Plan- og bygningslova krev at kommunen si planlegging skal vere realistisk. Det betyr at kommunen ikkje kan opne opp for større utbyggingsareal enn det som er realistisk å forvente utbygt i planperioden. Destinasjonsplanen løyser dette ved å leggje opp til ei etappevis utvikling ved å leggje til rette for fire etappar mot ein fullført destinasjonsplan.

Destinasjonsplanen sin etappe nr. 1 (sjå figur 1) er utgangspunktet for den kommunedelplanen kommunen arbeider for å få vedtatt. Planen er tenkt å skulle ha ein virkeperiode på 10 år. Om planen blir vedteke med ein slik periode, betyr ikkje det at om areala blir tilstrekkeleg utvikla så må ein vente til perioden går ut før vidare utvikling kan skje. Blir areala fort utvikla, vil kommunen gå i gang med å revidere kommunedelplanen før utløp av perioden. Det same vil også kunne skje om behova skulle endre seg vesentleg.

Kva ligg i etappe 1?

Destinasjonsplanen sitt fokus i etappe 1 er å bygge eit nytt sentrum på nordsida av E16 i Tyinkrysset. I tilknyting til sentrum blir det lagt til rette for næringsareal (butikkar, utleieeiningar og hotell), alpinanlegg, men også fritidsbustader og bustader. Det er viktig at areal for næringsutvikling (butikkar etc.) blir satt av i fyrste fase for å sikre desse areala for framtida.

I tillegg er det større areal for utvikling av fritidsbustader – også med nokon utleigeeiningar – i lia ovanfor det eksisterande Andstor-felt. Ei fortetting i eksisterande felt vil også bli vurdert.

Det utkastet til kommunedelplan som kommunen har arbeidd med til i hausten 2016, vil leggje til rette for ei dobling i talet på einingar i området – samanlikna med dagens situasjon.

Kvifor vil kommunen ha ei styrt utvikling av området?

For at destinasjonsplanen si etappevise utvikling skal føre mot ein fullført destinasjonsplan, vil kommunen nytte rekkjefølgjeføresegn. Dette gjeld også for å sikre ei styrt utvikling for å nå dei andre måla (for å sikre at hyttebygging ikkje skal få alt fokus). Kommunen meiner dette er viktig fordi det er store investeringar til dømes i vatn- og avløpsanlegg for å få eit kommunalt VA-tilbod i området. Det er fire utbyggingstrinn for å få trykk og vatn i alle delane av området som er avsett til fritidsbustader ovanfor Andstor. Kommunen vil då styre utviklinga slik at ein utviklar trinn for trinn oppover i lia. Så første skritt mot vidare utvikling i Tyinkrysset-Filefjell-området er å få på plass ein tilfredsstillande løysing på vatn og avløp. Denne løysinga må ha eit langsiktig perspektiv, og ikkje bere preg av å vere ei mellombels løysing. Vi må ha fokuset framover og vil byggje for framtida.

Samstundes er det andre infrastrukturtiltak som er kostnadskrevjande som aktørane sjølv – og saman – må finansiere for å nå den målsetnaden vi alle har for området. For å sikre gjennomføringa mot det framtidige målet vil kommunen også her nytte rekkjefølgjeføresegn: Til døme kan kommunen sette rekkefølgjeføresegn for å sikre at infrastruktur, som til dømes trase for langrennsløyper, kjem på plass før tomter i eit gitt hyttefelt kan utviklast.

Kvifor vil kommunen gjere dette?

For det første er ei styrt utvikling viktig for å arbeide mot ein gjennomført destinasjonsplan. Gjennom rekkefølgjeføresegn vil kommunen – og aktørane – få ei trinnvis og bærekraftig utvikling, samstundes som ein sikrar at investeringane som vil vere virke for at vi når det langsiktige målet blir realisert. Dette medfører auka aktivitet og investeringar i Vang. Allereie i fase 1 i destinasjonsplanen vil det bli generert eit betydeleg tal nye arbeidsplassar. Både i anleggstida, men også som varige arbeidsplassar. Og nye arbeidsplassar – og ikkje minst nye innbyggjarar – er eit viktig mål for kommunen.

For det andre er det viktig å sikre inndekning av kommunale investeringar. Noko som er naudsynt for at kommunen skal kunne oppretthalde sitt tenestetilbod i resten av kommunen og at dei innbyggjarane og hytteeigarane som har kommunalt vatn og avløp ikkje skal bere ei for stor del av rekninga.

Kor er vi nå? Og vegen vidare

Alle kommunedelplanar skal ha eit planprogram. Dette er eit arbeidsdokument som synleggjer korleis kommunen skal arbeide mot den nye kommunedelplanen. Til dømes skal alle tema til utgreiing drøftast i dette dokumentet, og tidslina mot ein vedteken plan skal bli synleggjort. Planprogrammet skulle behandlast i kommunestyret den 22.9.2016.

Eit einstemmig kommunestyret vedtok imidlertid å utsette saka; dei vil ta opp att saka når det er helde eit felles møte for alle interessentane i området (gjennomført 13.1.2017) og ein refinansieringsavtale er på plass. Dei ynskte at dette skulle skje rimeleg raskt.

Ein refinansieringsavtale er ein avtale mellom alle aktørar som ynskjer utvikling, der dei løyser korleis fellesgoder (som døme prepping av langrennsløyper) skal skje eller korleis ein skal få finansiert større anlegg. Slike bidrag er essensielt for at ein skal løfte og utvikle området for å nå dei langsiktige måla. Ein slik avtale er privatrettsleg, slik at kommunen ikkje kan tvinge aktørane til å inngå avtalen. Men kor vidt eit areal er omfatta av ein slik avtale, kan bli tillagt vekt når kommunestyret skal vedta arealdisponering i eit område.

Sidan september har kommunen arbeidd for å leggje til rette for at aktørane på Tyinkrysset-Filefjell skal finne saman og stake ut kursen vidare – og saman med kommunen – for kontinuitet, utvikling, vekst og inntening i Tyinkryssområdet, men også for ei positiv utvikling av Vang.

Når nemnde føresetnar ligg på plass, vil kommunen arbeide vidare for å få vedtatt den endelege kommunedelplanen: Innbyggjarar, aktørane og andre interessentar vil i denne prosessen gjennom ein høyringsperiode og opne møter få mogelegheit til å medverke og koma med innspel.

---

I margen til høgre finn du to kart (NB! Karta er ikkje nord-sør-orientert slik vi er vant til, sjå pil øvst til høgre):

Figur 1: Destinasjonsplanen etappe nr 1 synleggjer utviklingsområda og dei infrastrukturtiltaka (til dømes vegar, parkeringsplassar, langrennsløyper og alpinanlegg) som ligg i denne delen av destinasjonsplanen.

Figur 2: Dette kartet synleggjer også destinasjonsplanen sin etappe nr. 1. Men dei områda som allereie er regulert, er vist som ei blå sone. Kartet synleggjer nokon av dei regulerte tomtene som ikkje er selde/bygd ut, men også der det er potensial for fortetting i eksisterande felt.

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune