Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Invitasjon til opning av terapibassenget i Vangshallen!

Svomme.jpg - Klikk for stort bilete

Vang kommune ved etat for oppvekst, kultur og integrering har den glede av å kunne invitere til ei markering i samband med opning av badeavdelinga torsdag 23. november kl.17:00.

Terapibassenget er eit heilt nytt og flott tilbod som vi håpar vil glede innbyggarane våre i mange år framover!

Publisert av Line Margrethe Svien. Sist endra 08.11.2017

Ordførar Vidar Eltun vil halde ei tale og me får eit musikalsk innslag ved kulturskulerektor Oddbjørn Skeie. I etterkant av opninga vert det omvising i nye Vangshallen for dei som er interessert.

Særskild inviterte gjester er eldrerådet, rådet for menneske med nedsett funksjonsevne, Vang revmatikarforbund, byggekomitéen, hovudutval for levekår, rådmann og ordførar.

Arrangementet er ope for alle, og vi håpar spesielt at mange av våre sambygdingar tek turen til Vangshallen denne dagen.

Det vert servert kaffi og kaker til små og store!

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune