Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Informasjon om avlaupsreinseanlegg og VA-ledninga på Tyinkrysset.

Vannkran - Klikk for stort bilete

Medan arbeidet med avlaupsreinseanlegget og VA-ledninga på Tyinkrysset går inn i sluttfasen vert det no lagt fult fokus på prosjekteringa av nye Tyinkrysset vassverket. Nye Tyinkrysset vassverk skal etter kvart erstatte Børrelie vassverk og forsyne alle eksisterande og kommande utbyggingsområder.

Ei undersøking utført av NGU påviste gode lausmassar vest Fløgstrøndfjorden. Området er no regulert til vassforsyning og det er allereie boret to brønnar for testing av vasskapasitet og vasskvalitet.

Foreløpig testing har gitt gode resultat. Testing av borebrønn nr 2 vil forgå i løpet av summaren, medan det vert arbeida kontinuerlig med finansieringa.

Publisert av Line Margrethe Svien. Sist endra 02.06.2017

I tillegg til vassverket må det på plass eit høgdebasseng ved Grøvstølen, og ein ny vassleidning frå Grøvstølen til Grihamarstølen. Arbeidet vert tenkt utført i 3 utbyggingstappar og vassverket utgjer 1.etappe. Vang kommune har som mål å lyse ut arbeidet med 1.etappe i løpet av desember 2017 / januar 2018. Asplan Viak AS på Leikanger står for prosjekteringa.

For abonnentane på Tyinkrysset vil eit nytt vassverk gi auka forsyningssikkerheit, både kvalitet og kapasitetsmessig. Ved bygging av nye Tyinkrysset vassverk vil gamle Børrelie vassverk fungerer som eit reserveanlegg som kan nyttast i situasjonar kor det vert aktuelt.

Oppadpynting av pågåande anleggsarbeider vert starta opp i løpet av juni.

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune