Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Gjerdehald og beitebruk i Vang kommune.

Gjerding1.jpg - Klikk for stort bilete

Kva gjer du når du ser eit dårleg gjerde?

1. Prøv å ta ein prat med den som eig det dårlege gjerde.

2. Går ikkje dette kan landbrukskontoret varslast tlf 61 36 94 00.

3. Varsle direkte til Mattilsynet tlf  22 40 00 00

 

Kva gjer du når du finn skada beitedyr eller husdyrkadaver?

4. Skriv ned nummeret på øyremerket.

5. Merk kadaveret med stein/steinhelle

6. Merk av på staden på kart eller GPS

Ring så fort du kan til dyreigar om tlfnr står på øyremerke. Evt.  leiar i beitelaget eller veterinær- vakttelefonen tlf 61 34 39 90,   eller til sentralbordet i kommunen tlf 61 36 94 00.

Publisert av Line Margrethe Svien. Sist endra 22.06.2017

Gjerdehald: Lovreglane for gjerdehald har lang historie i Noreg. Det er over 1000 år gamle avgjersler og tradisjonar på dette, for å beskytte allmenne interesser vel så mykje som landbruket.

Beitebruk: Å ha dyr på beite er god dyrevelferd og sikrar god utnytting av naturressursane. I tillegg er beitebruk viktig for å halde kulturlandskapet ope og landet i hevd.

Vi har lite matjord i Noreg. To tredelar av denne jorda ligg i terreng og i klimasoner som ikkje eigner seg for anna enn grasdyrking. Graset er til gjengjeld ypparleg fôr til beitedyr. På den måten blir dette grovfôret indirekte til kjøt og mjølk for oss menneske. Berre gjennom husdyra kan vi nyttiggjere oss dette i matproduksjon, og dersom vi skal auke den reelle sjølvforsyningsgraden må heile landet nyttast, og mest mogleg av norsk matproduksjon må skje på norske beite- og grasressursar.

 

Beitande husdyr sørgjer for eit ope levande landskap og eit biologisk mangfald.

Med dette som bakgrunn vil vi informere om att gjerdene forfell mange plasser, og husdyr og vilt kan vera i fare.

Slike gjerder, som er farlege for husdyr og vilt må vedlikehaldas eller takast heilt ned.

Mattilsynet kan gjera vedtak om fjerning av gjerder, som er til fare for beitende bufe, når gjerdehaldar ikkje viser vilje til å etterkoma kravet han har på seg til å rydde opp etter § 15 i Lov om dyrevelferd. Mattilsynet kan bruke opptrappande verkemidlar, t.d. tvangsmulkt.

 

Det kviler også erstatningsansvar for skadar som oppstår som følgje av manglande vedlikehald av gjerder. I seinare år har det i enkelte område i stor grad blitt brukt straumgjerde (både rutegjerde og trådgjerde) i hytteområde og på landbrukseigedomar, ein del av disse gjerdene er ikkje tilkopla straum, det gjer desse til potensielle dødsfeller for beitande husdyr og vilt.

Slike gjerder må berre brukast med tilkopla pulserande straum, og under jamleg og hyppig tilsyn. Straumgjerde utan tilkopla straum og utan tilsyn over tid «utset dyr for fare for unødig påkjenning og belasting» og er derfor ulovleg.

Gjerdetypen er ikkje eigna brukt i/mot utmark, men er eit gjerde meint primært for å halde eigne husdyr innanfor eit ønska område. Mot utmark bør berre gjerde av tre (plankegjerde/skigard) eller gjerde av stålnetting (nasjonalgjerde) nyttast.

Det kan ikkje monterast piggtråd på gjerde lenger.

Spørsmål om kven som har beiterett og korleis gjerdeplikta skal forvaltast er ofte kompliserte. Slike saker er ofte ressurskrevjande og utfallet iblant usikkert. Lovbestemt beiterett har ein berre i statsallmeningar. På privat grunn er det ingen lov eller allemannsrett som regulerer kven som har beiterett. Med få unntak har alle beiterett på eigen grunn, mens beite på annan manns grunn må baserast på erverva bruksrett. Kven som har slik bruksrett, vil avhenge av eigedomshistorikken i området, ev. sedvanerett.

Beitebrukerane er opptekne av at utmarka er til for alle og at beitebruken ikkje skal koma i konflikt med annan bruk.

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune