Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Gerd Marken - vinnar av Positivprisen 2016

Prisvinnar Gerd - Klikk for stort biletePrisvinnar Gerd Nils Rogn Under bokkvelden i Vang bibliotek onsdag kveld vart Gerd Marken tildelt Positivprisen for 2016. Gerd er født i 1941 og ho har i svært mange år bidrege positivt i Vangssamfunnet. Ho har fleire periodar som kommunestyremedlem bak seg, har vore leiar i rekke utval, lag og organisasjonar,  no sist i pensjonistlaget.

Publisert av Hanne Karlsen. Sist endra 08.12.2016

Erling - Klikk for stort bileteErling Nils Rogn

Gerd er lett å spørje når det gjeld å gå med innsamlingsbøsser, stille på dugnad og er svært samarbeidsvillig og flink til å dra med seg folket. Gerd har stått i bresjen for påskelunchen i Børrelia i over 20 år. Eit arrangement som kvart år tiltrekker seg hundrevis av hyttebebuarar og busette i Vang. Det er ikkje få timar som har gått med for å planleggje og gjennomføre dette arrangementet og det har vore eit viktig møteplass for gjestene våre og lokalbefolkninga. Me gratulerer Gerd Marken med Positivprisen 2016!

Elles baud bokkvelden på interessant foredrag ved Jørgen Norheim om si nye bok «Aldri redd for mørkets makt» , Oddbjørn Skeie og Kristina Heensåsen tolka Tor Johnson i ord og  tonar, medan Marte Tangen fortalde om Tor og les opp litt av det han har skreve. Seinare på kvelden fekk me høyre spennande historier, bilete og fakta om Sputreføssen ved hytteigarar i Vang, Joakim Gundersen og Trond S Paulsen. Me var også så heldige å ha Erling Heen til stades og han drog nokre feiande flotte låttar på toradaren og tok til og med med seg prisvinnar Gerd på ein dans medan han spelte! Libris Fagernes selde bøker til lesehungrige vangsfolk, Sørre Hemsing stod for traktering og Jon Eggen var programleiar for ein svært vellukka kveld på biblioteket.

Kristina og Oddbjørn - Klikk for stort bileteKristina og Oddbjørn Nils Rogn

Sputreføssen - Klikk for stort bileteSputreføssen Nils Rogn

Jørgen Norheim - Klikk for stort bileteJørgen Norheim Nils Rogn

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune