Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Fotoutstilling om "Fossegrimen" på Vang folkebibliotek.

Fossegrimen.jpg - Klikk for stort bilete

Årets sommarutstilling på Vang folkebibliotek er ei fotoutstilling signert Ivar E. Thune Hagerup, og heiter Jakta på Fossegrimen.

Bileta er ein del av eit meir omfattande fotoprosjekt som han kallar Meir enn fjell, inspirert av Rolf Jacobsen sitt dikt Mere Fjell.

Publisert av Line Margrethe Svien. Sist endra 13.06.2017

- Her prøver eg gjennom bilete å ta fatt i kva fjell og natur gjer med oss, kva vi ser og kva vi opplever. Kva er det med fjell og natur som grip tak i oss, og korleis har det vore med å laga eventyr, sagn og myter? Har fjella ei eige kraft, eller har dei berre bidrege til fantasien hjå menneske før oss til å skape forestillingar om nøkk, hulder, troll og vetter? seier Hagerup.

 - Alle bileta på utstillinga, unntatt eit, er tatt i området ved  Leinekvernene. Ein gong eg sat der med kameraet, såg eg plutseleg eit ansikt forma av stein og vatn i  fossen!

Det slo meg at slik kunne nokon ha opplevd det for 1000 år sidan og. Ettersom turane dit vart fleire, verka det nesten som at dei som bur i fossen vart vant med meg, og fleire og fleire titta fram. Men ikkje Fossegrimen sjølv…

Utstillingsansvarleg på biblioteket Marianne Isachsen inviterer til opning laurdag 24. juni kl 14:00, der Jørgen Andrisson Kvam bidreg med trolske tonar. Utstillinga blir hengande ut august og kan besøkast i biblioteket si opningstid gjennom heile sommaren.

 

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune