Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Forlenga bygge- og deleforbod

Kommunevåpen i fargar - Klikk for stort bilete I sitt møte den 18.5.2017 (sak 028/17) gjorde kommunestyret eit vedtak og forlenga det mellombelse bygge- og deleforbodet innanfor kommunedelplanområdet på Tyinkrysset.

Publisert av Håkon Berg Sundet. Sist endra 23.05.2017

Vedtaket er ei forlenging av det mellombelse bygge- og deleforbodet som har vore gjeldande sidan 23.5.2013. Det vart vedteke for fire år. Det nye vedtaket seier:

"Med heimel i pbl § 13-3 fyrste ledd forlenger Vang kommune vedtaket i sak 043/13 til ny kommunedelplan er endeleg avgjort, men forbodet gjeld i maksimalt to – 2 – år. I denne tida kan oppretting og endring av eigedom eller tiltak etter pbl § 1-6 og andre tiltak som kan gjere planarbeidet vanskeleg, ikkje gjennomførast, jf. pbl 13-1 fyrste ledd.

Kommunestyret vil oppfordre alle partar til å bidra alt dei kan slik at planarbeidet avklarast snarast muleg og med god margin innan ramma på 2 år.

Saksframlegget og protokollen kan du lese i margen til høgre. Her finn du òg saka frå 2013. Rådmannen argumenterer slik for saka: 

Prosessen for å komme fram til ein ny kommunedelplan har vore spesielt krevjande; det er mange aktørar i prosessen og sjølv om målet er felles, er det ikkje semje i korleis ein skal kome dit. I tillegg har utbygginga av E16 med om anna val av trase, avkøyrsler og plassering av skibru og –undergang vore med på å gjere planarbeidet ytterligare komplisert. Likevel er planprosessen kome langt: Kommunestyret vedtok planprogrammet den 6.4.2017 (sak 021/17). Dette dokumentet synar vegen fram mot fyrste behandling og offentleg ettersyn av sjølve plandokumenta og -kartet. Ein rasrapport er utarbeid for området (2012), og sidan planprosessen vart varsla på nytt i 25.3.2015 har dei fleste utgreiingane vorte oppdaterte.

Ecosign har òg, på oppdrag frå rådmannen, oppdatert destinasjonsplanen, for at den skal ta omsyn til utviklinga som har skjedd i området sidan juni 2011 (om anna med omsyn til ny E16, skiundergang mv.). VA-situasjonen i planområdet har òg vore med på å dra ut og å gjere prosessen vanskelegare. No er nytt reinseanlegg satt i drift og prosjekteringen av nytt vassverk er i gang. (Kommunen vil snart gå i gang med forhandlingar om utbyggingsavtaler for eksisterande reguleringsplaner i området for å få på plass medfinansiering av vassforsyning).

Rådmannen meiner at denne spesielt krevjande planprosessen må være å sjå som eit særleg tilfelle, jf. pbl § 13-3. No er vi konkret i gang med å sjå på areal og vilkår i sjølve planen. Deter difor viktig at det ikkje skjer arealdisponeringar og tiltak som vil vanskeleggjere det føreståande arbeidet.

Vedtaket er eit enkeltvedtak som kan påklagast etter §§ 28 og 29 i forvaltningslova. Frista for å fremje ei begrunna klage er 8. juni 2017.

 

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune