Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Fastsett planprogram - detaljregulering for Utgard Næringsområde

Dokument - Klikk for stort bilete I sak 069/16 den 15.12.2016 fastsette kommunestyret i Vang planprogrammet for detaljreguleringa av Utgard Næringsområde.

Publisert av Håkon Berg Sundet. Sist endra 24.02.2017

Målsetnaden for detaljreguleringa er å regulere eit næringsareal for gjenvinning av hardplast. Reguleringsplanar som kan ha vesentlege verknader for miljø og samfunn skal ha eit planprogram, jf. plan- og bygningslova. Det vedtekne planprogrammet skal synleggjere kva utgreiingar og tema som skal bli behandla og drøfta i plandokumenta som skal bli lagt ut på høyring.

Planprogrammet lister opp fylgjande utgreiingspunkt:

  • Landbruk
  • Naturmangfald og naturverdiar
  • Landskap
  • Forureining og støy
  • Uttak av prosessvatn
  • Overvatn
  • Trafikkforhold
  • Risiko og sårbarheit
  • Bustadsbygging
  • Klimaperspektiv og energieffektivitet

Planprogrammet er behandla både i HU og i kommunestyret. Vedtaket i kommunestyret:

Vang kommune imøteser planforslaget om næringsarealet. Men tilrår at det ikkje arbeidast vidare med å leggje til rette for bustader i planområdet. Det må også vurderast å sette av areal/ regulere inn gang- / sykkelveg i planområdet. Med heimel plan- og bygningslova § 4-1, jf. §12-9, vedtek kommunestyret planprogrammet for Utgard Næringsområde (plan-ID: 2016003).

Saksframlegg og protokoll og det fastsette planprogrammet finner du i margen til høgre. Dokumenta ligg òg i resepsjonen på kommunehuset. Ein kan ikkje setje fram klage på det fastsette planprogrammet.

Filgalleri (1)
Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune