Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Barnehagane i Vang har utstilling på biblioteket.

Ormen den lange - Klikk for stort bilete

Barnehageborna er både kunstnarar og motiv i utstillinga som vil henge på Vang folkebibliotek til midten av juni.

Utstillinga har fått namnet "Kvardag i barnehagen". Fredheim barnehage stiller ut «Verdsrommet», som dei har jobba med over lang tid, Høre barnehage presenterer sitt prosjekt «Ormen den lange», og Øye barnehage har hatt eit prosjekt om naturen som dei syner fram.

Publisert av Hanne Karlsen. Sist endra 29.05.2017

- Barnehagekvardagen kan til tider vera hektisk, men jammen er den óg fantastisk og unik. Ingen dagar er like, og det likar vi. Barnehagane har forskjellige tema som dei jobbar med igjennom heile barnehageåret, og vi ser fram til å stille ut nokon av desse tema, seier barnehagestyrar Yvonne Solemsli.

- Eg vart veldig glad då ideen kom frå barnehagen. Det er fint å bruke galleriet til å vise fram ulike delar av dagleglivet i Vang, og å trekke inn nye målgrupper, seier utstillingsansvarleg ved biblioteket Marianne Isachsen.

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune