Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

Alt er klart for ny fotballturnering i Vang!

Vandrepokal - Klikk for stort bilete

Laurdag 23. september er det på nytt klart for fotballturnering på Tveit stadion.  Mottakssenteret, FK Vang, Frivilligsentralen og Innovangsjon står bak turneringa som no blir arrangert for tredje gang.

- I fjor hadde vi med 6 lag, og det var veldig god stemning og mange morosame kampar. Vi håper å få med enno fleire i år, seier engasjerte arrangørar.

Publisert av Line Margrethe Svien. Sist endra 09.06.2017

Turneringa er ope for alle, og vi oppmoder bedrifter, grender og venner til å danne lag. Vi speler med 7-erlag, og ønsker spesielt å oppmode fleire damer til å bli med. - For å få med fleire, premierer vi alle damer med ein gratis straffe pr kamp, seier leiar i FK Vang Randi Sandhaugo.

Vang mottak v/Renee van den Berg er klar for å servere grillmat til både spelarar og tilskuarar, og vi oppmodar sjølvsagt heile bygda til å kome og heie på sitt favorittlaga.

I fjor vart det laga til ein flott vandrepokal - eit rosemåla mjølkespann, som no står på Mjøsvang kafé. - Vi er klare for å forsvare vandrepokalen og gler oss til ny kamp! seier Hanne Fjeld som var del av vinnarlaget "Team Outsiders".

Det er berre å sette av dagen og danne lag! Påmelding til: frivilligsentralen@vang.kommune.no 

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune