Skip Navigation Links(Hjem) > Aktuelt
Aktuelt

0-stilling og ny godkjenning av TT- brukarar.

Oppland.jpg - Klikk for stort bilete

Alle godkjende TT-brukarar får i desse dagar informasjonsbrev om at  TT- ordninga blir 0-stilt og alle må søkje på nytt. Dette er i tråd med dei fylkeskommunale retningslinene.

Det er Oppland Fylkeskommune som lagar retningsliner og regelverk for ordninga, og Vang kommune har ansvar for å forvalte ordninga på vegne av Fylkeskommunen. Søknadsfrist er til 15.12.2017.

Publisert av Line Margrethe Svien. Sist endra 13.11.2017

Det er sjølvsagt ope for alle i målgruppa å søkje, om du ikkje har hatt TT-godkjenning tidlegare.

Transporttenesten for forflyttingshemma (TT-ordninga) er eit transporttilbod til personar busett i Vang, som grunna forflyttingshemming har store vanskar med å nytte ordinære, kollektive transportmiddel. 

Transporttilbodet skal gjelde personar som er varig forflyttingshemma, og ordninga skal medverke til at dei skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg. 

Fullstendige retningsliner finn du her. (PDF, 524 kB)

Søknadsskjema finn du her. (PDF, 116 kB)

 

Søknad sendast:

Institusjons- og heimebaserte tenester

Vang kommune

Tyinvegen 5150

2975 Vang i Valdres

 

Har du spørsmål kan du kontakte Institusjons- og heimebaserte tenester på tlf: 61 36 95 30

Kommunehuset
Tyinvegen 5161
2975 Vang i Valdres
post@vang.kommune.no
(+47) 61 36 94 00
(+47) 61 36 94 01
Opningstider
08.30-15.30
Org.nr: 961 382 246
Kommunenr: 0545
Valdresregionen Etnedal kommuneNord-Aurdal kommuneSør-Aurdal kommuneØystre Slidre kommuneVang kommuneVestre Slidre kommune