Under leiing av teaterlærar Edith Helle Hofseth så har teatergruppa dette året laga ei framsyning rundt huldrar og stølsliv. Dei har sjølve utarbeidd tekst og handling. Heile historia vart avslutta med eit bryllaup med felespel og stivpynta bryllaupsfylgje.
Dei som var i teatergruppa var: Randi Haugen, Ole Øyvind Haugen, Lea Øraker, Veronica Myhren, Anne Heidi Kvam Hillestad, Marit Andrisdotter Kvam, Mari Karlsen, Øivind Kvam Hillestad og Jørgen Andrisson Kvam. Musikkgruppa besto av: Kjellaug Daae Mæland og Solveig Vatn Weisser på langeleik og song, Marit Hagerup på song, Julie Berge Wangensteen på song og saksofon, Jørgen Kjøs på gitar og Jørgen Andrisson Kvam på hardingfele.
Musikk gruppa bidrog og med ei avdeling med musikkinnslag.
Det var eit fantastisk flott ver denne dagen, og det var kjekt å sjå at så mange hadde take turen opp til Gamle Kvam. Takk og til herskapet på Gamle Kvam, som var med å leggje forholda til rette for eit velukka arrangement, og Jan Sparstad som fortalde historier knytt opp mot stølslivet.
Teatergruppa i Vang kulturskule har som mål å sette opp same forestilling i juni neste år på Gamle Kvam.
Foto av Guro Råheim Kvam